English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:  
boeker.png
Søk i biblioteket sin database:

Alene sammen av Abraham Verghese

Dette er ein roman ein berre kan gle seg til. Ei verd som er totalt ukjend og fengslande vert opna opp, og etter 766 sider ynskjer ein berre at boka skulle ha vore mykje lenger!

Boka tek oss med til Etiopia i 1947, og til eit sjukehus der fleire nasjonar arbeider saman om å fylle eit skrikande behov for medisinsk hjelp. Heilt uventa får ei indisk nonne som arbeider der fødselsveer og ho får tvillingane Marion og Shiva under dramatiske omstende. Faren forsvinn, og tvillingane veks opp på sjukehuset der to av personalet tek seg av dei.

Me følgjer Marion sitt liv, ein uvanleg oppvekst der han får eit tidleg innblikk i det framtidige yrket sitt som lækjar. Etiopia si dramatiske historie spelar inn i livet hans. Eineveldige herskarar kan gjere som dei vil med folket sitt. Ferda ender til slutt opp i USA etter ei dramatisk flukt.

Abraham Verghese er fødd av indiske foreldre i Etiopia, og starta si medisinske utdanning der. Etter at keisar Haile Selassie vart deportert, flytta Verghese til USA der foreldra hadde slått seg ned. Han fullførde til slutt utdanninga si i Madras. Verghese er kanskje mest kjend for sitt arbeid med AIDS-sjuke, og er no professor på Standford University.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS