Postboks 154, 6851 Sogndal
Alexander McCall Smith og Tetid for damer med tradisjonell figur
Alexander McCall Smith er allereie med i bokanbefalingane med fyrste boki i serien Damenes Detektivbyrå nr. 1. Sogndal bibliotek har no 10 bøker i serien om Precious Ramotswe eller til dagleg kjend som Mma Ramotswe. Bøkene handlar om den kvinnelege detektiven og dei sakene ho strevar med. Dette er koselege og velskrivne bøker med mykje underfundig humor og alvor bak linjene.
Alexander McCall Smith kjenner Botswana frå tidi då han budde der. Som lesar får ein gå under hudi på det afrikanske samfunnet. Me har ti bøker i denne serien her i biblioteket. I den aller nyaste frå 2012: Tetid for damer med tradisjonell figur er forfattaren i storslag. Her er spanande oppdrag, fine dialogar og mykje livsvisdom. Toril Hanssen har omsett bøkene og det er gjort på ein ypperleg måte.
Eg trur boki kan gje ein god leseoppleving for dei som låner ho.
Kari Johanna