Amal Aden er kjent som forfattar, modig samfunnsdebattant og foredragshaldar. Ho er fødd i Somalia i 1983 og kom til Noreg i 1996 etter å ha vore gatebarn i heimlandet i fleire år. Starten i Noreg var vanskeleg - møte med ein annan kultur, barnevern og offentlege instansar som ikkje klarte å hjelpa ho, og ho hamna i rusmiljøet på Grønland i Oslo.  

I foredraget sitt stiller ho fleire spørsmål: Korleis står det til med likestillinga, integreringa og ytringsfridomen i vårt stadig meir fleirkulturellle land? Er vi så rause og nytenkande som vi ønskjer å tru, eller er desse "opplagte" verdiane på vikande front? Ho ønskjer å syna oss det nye Noreg  - på godt og vondt.

Amal Aden har skrive fleire bøker, m.a. "Se oss. Bekymringsmelding fra ein ung norsksomalisk kvinne" (2008), "ABC i integrering - 111 gode råd om hvordan alle kan bli fullverdige borgere i det norsk samfunnet" (2009), "Min drøm om frihet", (2009), "Jacayl er kjærlighet på somali".

Alle er velkomne! Gratis inngang. Arr. er støtta av Nasjonalbiblioteket.