Barnehagar på biblioteket
Barna kan lesa bøker, teikna, pusla puslespel, lytta til musikk og lydbøker medan dei er her, og ein kan låna bøker med attende i barnehagen.
Vi gir gjerne tips om gode og nye biletbøker og hjelper dykk med å finna litteratur som passar til ulike tema barnehagen jobbar med.
Kvar avdeling i barnehagen kan få sitt eige lånekort.
Barnehagebibliotek
Fleire av barnehagane i kommunen har i samarbeid med Sogndal bibliotek fått oppretta små barnebokbibliotek, der barn og foreldre kan låna med seg bøker heim frå barnehagen.
Målet er å auka lesing og leselyst hjå barn i førskulealder og inspirera vaksne til å lesa for barna. Ved å få biblioteket inn i barnehagen blir tilgangen til barnebøker ikkje begrensa av barnefamilien sitt tidspress, avstand til biblioteket eller av opningstider. Difor kan barnehagen vera ein viktig arena for at møtet mellom barn og bøker skal omfatta flest mogleg.
Bøkene i barnehagebiblioteka blir skifta ut om lag ein gong i halvåret, og barnehagane kan gjerne sjølve ta kontakt når dei ønskjer nye bøker: skranke@sogndal.folkebibl.no
