På sommarles.no får du òg tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve og eit spel der du kan løysa oppgåver knytt til forteljinga.

Om du ikkje har tilgang til nett, kan du gjerne vera med på Sommarles likevel. Kom innom biblioteket, så hjelper vi til med det.  

Sommarles er for 1. - 7. klasse, og både dei som skal byrja i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse i vår kan vera med.

Tysdag 11.september blir det avslutningsfest på biblioteket for alle som har vore med på Sommarles. Då blir det underhaldning, is og trekning av premiar.

 

 

 

 

Sjå video om Sommarles: https://sommerles.no/video2018