Dersom du vil prøva "Bok på døra", eller berre få meir informasjon om tilbodet, ta kontakt med biblioteket på tlf. 57 62 96 60 eller e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no. Deretter avtalar vi tidspunkt for levering som passar deg.

Tilbodet gjeld for deg som ønskjer å låna bøker frå biblioteket, men som av ulike årsaker ikkje klarar å koma deg på biblioteket på eiga hand. Det kan til dømes vera på grunn av sjukdom, alder eller glatt føre. Du kan låna bøker, lydbøker, tidsskrift og musikk og film på dvd. Lån og levering er gratis!