Wodehouse, P.G.(1881-1975): Salig i sin tro
Tittel på originalen: Heavy Weather. Kom ut for fyrste gong i 1933.
Pelham Grenville Wodehouse var engelsk og forfattar av sosietetshumor. Bøkene er hysterisk morosame, vanvittige og velskrivne. Dei er prega av situasjonskomikk. Lord Emsworth er herre på Blandings Castle. Han er ikkje akkurat gløgg, men veldig oppteken av grisen sin, Keiserinna av Blandings. Her er systrer, brør, nevøar, detektivar, tenarar, venner og griser i ein salig blanding. Nevøen Ronnie ynskjer å gifta seg med ei sparkepike, Sue Brown. Det synest ikkje mor hans, lady Julia, er nokon god ide. Broren, Galahad Threepwood, ynskjer å gje ut memoarane sine. Det er det svært mange som freistar å forhindra.
Dersom ein gjev bøkene ein sjanse og likar engelsk humor, kan ein få le mykje og lenge. Wodehouse vart enormt populær. Han vart utnemnd til riddar like før han døydde .
Wodehouse: “ Everything in life that’s any fun, as somebody wisely observed, is either immoral, illegal or fattening.”
Kari Johanna
Kokeboksamleren av Allegra Goodman
Allegra Goodman er amerikanar og skriv ein roman som skildrar den nære fortid. Dette er fyrste romanen hennar som er omsett til norsk, og den kom ut i 2013. Ho har skrive 5 romanar og 2 novellesamlingar så langt.
Kokeboksamleren er fyrst og fremst ei spanande og velskrivi bok. Den handlar om to systrer. Mor deira døydde då dei var born og faren har gifta seg på nytt og fått ein ny familie. Systrene er sterkt knytta til kvarandre sjølv om dei har valt ulike studieretningar. Emily gjer karriere i IT-bransjen og Jess studerer filosofi. Emily tenar godt og Jess må låna pengar for å kjøpa aksjar i firmaet til Emily. Så får Jess seg ein deltidsjobb i eit antikvariat. Eigaren er ein styrtrik lauskar.
Goodman greier på ein fin måte å halda oss fanga heilt til siste slutt. Me identifiserer oss med personane og gler oss over fine detaljar om matlaging, vinar, kokebøker og mange andre ting. Dette er ei bok med humor og alvor i ei fin blanding.
Time seier:» Allegra Goodman let oss møta ein livleg samling karakterar frå den fyrste store dotcomæraen. Plottet er kanskje tidsrett, men romanen som heilheit er romantisk på god gamaldags vis».
The Times seier: «Ein både høgintelligent og fengslande roman».
Kari Johanna
Rekrutten / Robert Muchamore
Rekrutten er første bok i ein serie på 12, der berre dei 5 fyrste er omsett til norsk (nynorsk). Den sjette boka kjem til hausten (2012) på Samlaget. Første boka er og komen ut i teikneserieformat.
Kvar bok er enkeltståande, men det er greitt å lesa dei i rekkefølgje, då det er ei utvikling og litt tilbakeblikk i bøkene. Det er eventyrprega og actionfylte bøker som passar for gutar og jenter i ungdomsskulealder og oppover. Sjølv har eg hatt stor glede av å bli med i dei 5 første bøkene i Cherub sitt univers.
Sidsel
Gaile Parkin: Å bake kaker i Kigali
Debutromanen hennar: Å bake kaker i Kigali kom på norsk i 2010. Det er ei varm bok om ei bestemor som tek til seg fem av borneborni sine. Angel Tungaraza har mista både sonen og dotteri, av grunnar som ho og mannen Pius ikkje vil snakka om. Dei tek med seg borni og flytter til Rwanda. For å skaffa pengar til familien, opprettar Angel eit lite heimebakeri for kaker.
Gjennom kundane og naboane hennar får me innblikk i ei spanande og anleis verd. Angel er klok og handlekraftig. Ho kvir seg ikkje for å hjelpa dei ho ser har problem.
Dette er ei sjarmerande bok med mykje humor og livsvisdom. Det er og ei bok med mykje alvor.
Romanen er gitt ut i 15 land til no. I 2012 kom Parkin med ei ny bok: Himmelen er for alle. Her og føl me dei same personane, men bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre.
Kari Johanna
Peter Wessel Zapffe: Barske glæder : og andre temaer fra et liv under åpen himmel
Barske glæder er ei svært morosam og velskrivi bok. Dette er boki ein aldri vert ferdig med. Då høver det godt at ein kan lesa avsluttande kapittel om eit yndlingstema. Zapffe skriv glitrande og med stor sjølvironi. Han var og ein flink teiknar og illustrerer sjølv historiane.
Dette er boki for alle som likar humor og er interessert i klatring og friluftsliv. Det er og boki for alle med sans for godt språk. Zapffe turnerer elegant mellom riksmål, saftig nordlending og sognemål. Alt er like velskrive og gjev ei unik leseoppleving.
Kari Johanna
Hjerter i chili : føljetongroman med oppskrifter, kjærlighetshistorier og husråd av Laura Esquivel
Laura Esquivel er fødd i Mexico i 1950. Denne boki var debutromanen hennar og gav ho stor suksess. Hjerter i chili er omsett til 14 språk og romana er og vorti film.
Esquivel gjer ein genistrek ved å dela romanen opp i 12 kapittel. Kapitteli føl månadane i året og 11 av dei har ei matoppskrift som heading. Her er på nytt både ei roman og ei kokebok. Dei som ikkje har lese denne perla av ei bok, bør vurdera det.
Kari Johanna
Portrett av en gammel hage / Madeleine von Essen
Boki er velskrivi og personleg, ei gullgruve for dei som er interesserte i temaet. Von Essen har og med register og sidehenvisningar. Her er gode råd om det meste. Ein får tips om korleis ein kan gjera ein gamal hage meir lettstelt og brukarvenleg utan å fjerna sjarmen.
Dette er ei bok som kan anbefalast for alle hageglade.
Kari Johanna
Sonja / Kongens hus : alle kongeparets hjem
Kongeparet disponerer i alt ti eigedommar og i tillegg kongevogni og kongeskipet. Dei har mest alle gjennomgått restaurering og oppussing. Dronningi fortel om prosessen og tankane bak løysingane som er valde. Det er vorte ei unik bok. Så vidt ein veit, har dette aldri vore gjort av noko anna kongehus. Her får ein tilgang til mest alt på eigedommane. Det er berre dei private soverommi som ikkje er med i reportasjen.
Forlaget vil ikkje seia kva opplag dei har trykt boki i, men reknar med stor etterspørsel og fleire opptrykk. Dagbladet brukte utgivelsen av boki som fyrstesideoppslag 8.mai 2012. Slik sett har forlaget fått den beste reklame dei kunne ynskja seg.
Dette er ei flott bok for alle interesserte, både i kongelege eigedommar og historie.
Kari Johanna
I Roald Dahls kjøkken av Roald og Felicity Dahl
Roald Dahl var halvt norsk, men oppvaksen i England. Han skriv svært bra og krydrar oppskriftene med anekdotar av alle slag. Me skjønar at han er meir enn vanleg interessert i mat og vin. Boki vert og sjølvbiografisk, sidan han tek utgangspunkt i familien sin og livet i heimen. Layouten er svært bra, med fantastiske foto og illustrasjonar av alle slag. Kapittelet om korleis Roald Dahl oppdagar og vert glad i vin, må vera noko av det beste som er skrive av dette slaget. Felicity Dahl er kona til Roald.
For å ha glede av boki, må ein sjølvsagt vera interessert i temaet. Dette er ein klassikar som ein kan koma attende til fleire gonger. Roald Dahl døydde i 1990.
Kari Johanna
Fortellingen om Viga-Ljot og Vigdis / Sigrid Undset
Dette er kanskje ei bok dei fleste ikkje har lese, men det er ei liti perle av ei forteljing. Her er ein dramatisk historie og sterke kjensler. For alle som likar Undset sine middelalderromanar, er det vel verdt å ta fatt på denne.
Viga-Ljot og Vigdis peikar fram mot dei seinare romanane Undset skreiv. Forfattaren har stor kunnskap om tidi ho skildrar og sameleis om menneskesinnet. Boki inneheld sterke scenar og Vigdis sitt hat kjenner ingen grenser.
Kari Johanna








