Postboks 154, 6851 Sogndal
Operasjon Tordensky av Jørn Lier Horst
Operasjon Tordensky er første boka i ein heilt ny krimserie for barn. Her møter vi vennene Tiril og Oliver og sporhunden Åtto. Saman er dei Detektivbyrå 2. Dei bur i den vesle byen Elvestad, som er ein koseleg liten småby, men av og til skjer det tjuveri og andre mysterium der. Og då er Oliver og Tiril klare for oppdrag! Saman med Åtto jaktar dei på overraskande avsløringar og uventa løysningar. Bøkene har enkle, morsomme og gode teikningar i form av forklaringar og illustrasjonar. Ein finn òg små krimgåter bakerst i boka. Fin og spennande krimserie for barn. Førebels er det komne to bøker i serien.
2013-03-14
Den rikeste gutten i verden av David Walliams
Har du nokon gong drøymt om å få 1000 kroner til bursdagen din? Vel, Jon får 10 millionar, men er fortsatt ikkje fornøgd. Jon Knoll er verdas rikaste gut. Han bur saman med far sin i eit kjempedigert hus og har alt som kan kjøpast for pengar. Han har 500 par Nike joggesko, ein underjordisk bowlinghall med ti baner, ei vannsklie frå soverommet til eit innandørs symjebasseng i olympisk størrelse og ein haug med andre kjempedyre ting. Men det einaste Jon ønskjer seg er ein venn. Han går på ein snobbeskule med med berre rike barn, men dei mobbar han. Jon vil begynna på ein heilt vanleg skule der ingen kjenner han, og han håpar han kan få seg ein venn der. Men kva skjer når det blir oppdaga at han er den rikaste guten i verda?
2012-11-23
Villheks - ein ny og spennande fantasyserie
Den første boka i serien Villheks heiter Eldprøva. Clara har alltid trudd at ho er ei heilt vanleg jente. Men ein dag blir ho klort i ansiktet av ein svart, gigantisk katt. Då ho kjem heim til mora og fortel kva som har skjedd, blir mamma forskrekka og tek Clara med til legen med ein gong. Om kvelden blir Clara febersjuk, og då pakkar mamma bilen i full fart køyrer til tante Isa sitt hus langt inne i skogen. Det viser seg at tante Isa er ei villheks, og no meinar ho at Clara er det same. Det tykkjer Clara er merkeleg, for ho får ikkje til å utføra nokon tryllekunstar. Men så, ei natt då ho er åleine i huset, blir ho sett på ein hekseprøve.
Boka er kjempespennande og passar godt for barn mellom 10 og 13 år. Serien er på nynorsk og skriven av Lene Kaaberbøl, forfattaren av den populære Skammarserien som kom for nokre år sidan.
2012-05-12

Tam Tiggergutten
Tam er ein fattig og foreldrelaus gut som bur i byen Demar. Demar er delt inn i fem bymurar. Tam bur i den ytterste bymuren, der tenestefolk, fattige, tjuvar og tiggarar bur. I den innerste bymuren er slottet og dragestallen og drageriddarane. Tam drøymer om dragane som flyr over han kvar kveld, men han veit at han aldri vil sleppa innanfor den femte bymuren. Dette er den første boka i serien ”Drageriddere”. Boka er lettlest og har manga-aktige teikningar.
2012-04-23
Mysteriet med treningsnarkomanen
Mysteriet med treningsnarkomanen er skriven av Signe Olaug Pedersen.
Boka handlar om Herman og Simen som tykkjer at det er kjedeleg å gjera lekser. Dei vil heller kikka på jentene i jentegarderoben når dei er på skulen og stela pærer frå det store pæretreet etter skuletid.
Ein dag blir Herman kjend med Anna, den gamle dama som eig pæretreet. Han hjelper ho med dei tunge bøttene med pærer og ho inviterer han på kakao.
Nede i kjellaren til Anna oppdagar Herman at soneson hennar, Helge, driv med noko mystisk. Og ein dag dukkar også Stina frå klassen opp hjå Anna. Saman må Stina og Simen finna ut kva som skjer i kjellaren til Anna.
i tillegg til den spennande historien om kva som foregår hjå den gamle dama, handlar boka også om vennskapet mellom Simen, Herman og Stina. Desse tre går i åttande klasse, men boka anbefalast frå 6. klasse og oppover.
2011-11-17

Fotballserien Bønna og b-laget av Bjørn Sortland
Forfattaren av boka, Bjørn Sortland, har skrive mange bøker for barn og ungdom. Han er mest kjend for krimbøkene om Kunstdetektivane, som er kjempepopulære! Denne gongen har han laga fotballserien om Bønna og b-laget.
Den første boka i serien heiter "Ikke bøll med benkesliterne". Bønna og venene hans brukar alt for mykje tid på dataspel. Det tykkjer i alle fall mamma, som har bestemt seg for at frå no av skal det bli andre bollar! Ho bestemmer at Bønna og dei andre skal starta eit fotballag, med pappa som trenar.
Korkje Bønna eller dei andre gutane er spesielt interesserte i fotball, men sidan dei ikkje akkurat har noko val, blir dei med. Første kamp blir mot A-laget, gutane i A-klassen som toppar laget, og endar som det må enda - med eit solid tap. Men kan dei likevel tapa med stil?
Dersom du har lese bøkene om Knoterud FK, tidenes mest klønete fotballag vil du kjenna att noko av handlinga. Begge desse fotballseriane handlar om gutar på 9 og 10 år, som egentleg ikkje er så interesserte i fotball, men som likevel bestemmer seg for å starta nye fotballag. Bøkene om Bønna og b-laget er morosame og handlar mest om fotball, men også om dataspel, venskap og forelsking. Bøkene fins både som lydbøker og vanlege bøker.
2011-07-15

Boka En gang av Morris Gleitzman
Boka En gang handlar om Felix, ein jødisk gut på 10 år. Det er 2. verdenskrig og Felix og familien hans er utsett for tyskarane sine forfølgjingar.
Dei tre siste åra har Felix budd på ein barneheim i Polen. Heile tida ventar han på at foreldra hans skal henta han og ta han med tilbake til det fine livet dei hadde før. Men det skjer ikkje.
Boka om Felix er er ei fantastisk historie du ikkje gløymer så lett. Det skjer veldig mykje trist, og boka er vond å lesa. Difor er det viktig å snakka om boka saman med ein vaksen medan ein les eller etter at ein har lese ho. Boka anbefalast først og fremst for 6. eller 7.klasse og oppover til vaksen alder.
Det er også kome ei bok til om Felix, denne heiter "Så". I tillegg skal det koma ei tredje bok. Det gler eg meg til, for det er umuleg å stoppa før ein har lese alle bøkene når ein først har lese boka En gang.
2011-01-07

Herr Grim og trollene av Andy Stanton
Ellevill humor for barn!
Andy Stanton sine bøker om Herr Grim og alle dei andre innbyggjarane i Kongsdrank er blitt ein kjempesuksess og er så langt omsett til 16 språk. Så dersom du likar å lesa om fæle, gamle menn, troll og hekser og ting som ser ut som sylteagurk, er dette boka for deg. Dette er tredje boka i serien, dei to første bøkene i serien heiter Du er en fæl mann, Herr Grim og Herr Grim og Pepperkaksemannen. Kjempemorsomme bøker - anbefalast!
2010-11-11

Spennande fotballbøker
Det blir skrive mange bøker som handlar om fotball!
Seiersbrølet er Bjørn Ingvaldsen si sjette bok om fotballaget Froskene. Ein morosam serie, med fin lengde på bøkene og gode teikningar.
Knoterud FK mot gamleheimen oldboys er den nyaste boka i serien om Knoterudgjengen. Seks bøker er komne så langt - kjempemorosame bøker om verdas dårlegaste fotballag. I denne boka blir dei utfordra til å spela mot gamlegutta på eldresenteret!
Den siste boka i serien Dreamteam heiter Venner for alltid. Det er gitt ut 9 bøker i denne serien, og bøkene passar alle som likar fotball, fart og spenning!
Kasper øver på selfinten er den siste boka i den populære serien om Kasper. Biblioteket har 21 spennande Kasperbøker!

Jakta på Andy Anderssons Eftf. av Arnfinn Kolerud
Jakta på Andy Anderssons Eftf. er ei god barnebok som er fin å lesa! Boka er spennande, og det blir tatt opp alvorlege tema. Men ho er også morosam å lesa, og passar for barn som er 8 år og eldre. Anbefalast!
2010-11-08