English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:  
boeker.png
Søk i biblioteket sin database:

Brente skygger av Kamila Shamsie

Boka startar den 9.august 1945 på ein veranda i Nagasaki, Japan. Hiroko Tanaka, 21 år, står og ser etter Konrad som ho snart skal gifta seg med, då alt vart med eitt vert kvitt framom augo hennar. Etter sjukehusopphald finn ho at alt ho kjenner til er øydelagd. Etter to år reiser ho til Dehli, India. Her bur ho hos Konrad si halvsyster og hennar mann. Her vert ho kjent med tenaren deira, Sajjad Ashraf som ho seinare giftar seg med. Dei flytter etter kvart til Pakistan og får ein son.

"Brente skygger" er ei bok som kryssar generasjonar, kulturar og kontinent. Vi vert med på ei reise frå atombomba i Nagasaki til angrepet på World Trade Center i New York. Mellom desse hendingane vert vi med til koloniherrane sin rike kvardag i Dehli og til dei fattige områda i storbyane i India og Pakistan og treningsleirar i Afghanistan.

Vi ser korleis oppbrot skapar ny kvardag, nye fiendar og nye vener. Kvar slut - ein ny start.

Signe

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Sogndal bibliotek

Postboks 154, 6851 Sogndal

Web levert av CustomPublish AS