Postboks 154, 6851 Sogndal
Bruk av PC
Biblioteket har 7 PCar til bruk for publikum. Ein av dei er plassert i lokalsamlinga og skal brukast til lokalhistoriearbeid. Ein er reservert for barn, ein er reservert for søk i biblioteket sine samlingar, samt søk etter offentleg informasjon. Tre PCar kan nyttast 1 time pr. dag pr. person og brukaren må skriva seg opp på liste. Desse tre PCane loggar seg automatisk av kvar time. Den siste av PCane er til 10 minuttar bruk pr. person utan at ein må skriva seg på lista.
