Postboks 154, 6851 Sogndal
Chimera av Gjert Nygårdshaug
”En øko-thriller” har forfattaren skrive som undertittel på denne romanen som kom ut i 2011. Og det er i sanning ei dramatisk framtid han skildrar for oss i denne ikkje urealistiske framtidsvisjonen.
Handlinga utspelar seg i Kongo, der eit forskarteam kalla CORAC konsentrerer seg om naturen, dyrelivet og tilstanden i dei sentrale regnskogsområda i Afrika. Polisen er avsmelta, ørkenen breiar seg, regnet uteblir, og det vert leita desperat etter ein måte å snu utviklinga på.
Me møter her hovudpersonen Karl Ivar, ein norsk veterinær med bakgrunn som oppsynsmann i Femundsmarka. Gorillahannen Nelson vert avliva etter å ha endra seg frå å vera ein godlynt patriark til eit aggressivt og farleg dyr. Då hjernen og lungene vert undersøkt, finn ein eit ukjend virus. Samstundes vert det oppdaga at alle unntatt ein person har døydd i ein nærliggande landsby, og ein samanheng mellom desse to hendingane vert avdekka.
I det lukka miljøet på forskningstasjonen er det sterke personar og mange syn på korleis denne oppdaginga kan nyttast.
Nygårshaug har skrive ei skremmande og engasjerande bok om ei tenkt framtid. Han har tilegna den Regnskogfondet, det danske Nephentes og Miljøkrigaren Kurt Oddekalv, ” han som tør rope der andre knapt kviskrar”.