Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Den underjordiske jernbanen

colson

av Colson Whitehead

 

Denne boka handlar om eit av dei mørkaste kapitla i USA si historie – slavetida. Dette har vi høyrt og lese om mange gonger, men Whitehead presenterer dei svarte i sørstatane sin skjebne på ein ny måte.

Vi følgjer den unge jenta, Cora, som er 3. generasjon slavearbeidar på ein bomullsplantasje i Georgia midt på 1800-talet. Ho vel å flykta liksom mora. Ei mor som ho ikkje veit nokon om etter at ho ein morgon berre var borte. Vi følgjer ho på ei vanskeleg ferd saman med Caesar.

Dette er ein spanande og velskriven roman, men OBS: det er sterke skildringar.

Signe

Lån boka

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut