English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:  
boeker.png
Søk i biblioteket sin database:

Det vokser et tre i Mostamägg av Britt Karin Larsen

Dette er fyrste boka i ein trilogi som omhandlar innvandringa av skogfinnar i området mellom Hedemark og Värmland på 1800-talet.

Me møter mellom anna tenestejenta Lina som har eit barn som ho har fødd i løynd, og som tek vegen ut i skogen for å berga seg. Der treffer ho på einebuaren Taneli, frykta av bygdefolket for eit drap han har sona for. Desse to utstøytte finn kvarandre og skapar seg eit liv i Mostamägg.

Me treff også presten som kjem frå Stockholm for å frelsa skogfinnane, dei ville menneska i den ville skogen. Korleis vert livet til ein einsam mann som fryktar skogen meir enn alt.

Det er eit hardt liv som vert skildra med varsame ord, eit språk som gjer slit og strev til ei vakker oppleving.

Britt Karin Larsen har tidlegare skrive ein trilogi om taterfolket, som vert rekna som hennar sentrale verk. ”Det vokser et tre i Mostamägg” og dei to neste bøkene i serien; ”Himmelbjørnens skog” og ”Som stenene skinner” er ein sterk konkurrent til denne tittelen! Dette er verkeleg ei gripande forteljing, sjølv eg som mest les romanar frå notida fall for denne boka.

Lise
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Sogndal bibliotek

Postboks 154, 6851 Sogndal

Web levert av CustomPublish AS