Bokmelding frå Framtida.no:
 
Debutant Ida Lórien Ringdal skriv dikt som gjer vondt på ein god måte.
 
Dette skjer ikke.
Ida Lórien Ringdal
Tiden, 2017

jeg er en
hvit skjorte
du kommer bare
til å søle på meg

Dikta til Ida Lórien Ringdal (29) har blitt populære på Instagram, og det er lett å forstå kvifor. For det første er mange av dei korte nok til å få plass i ei lita rute. For det andre er dikta umoglege å ikkje kjenna seg att i for nokon som nokon gong har vore forvirra, fortvila og ulukkeleg forelska – det vil seia for dei som ikkje er laga av stein.

Difor er det heller ikkje rart at Ringdal har selt uvanleg bra til å vera ein diktdebutant. Dette skjer ikke kom ut i mars, og er allereie ute i tredje opplag. Ifølgje Bok365.no toppa Ringdal salslista for lyrikk i april med høgare sal enn populære diktantologiar som «Ren poesi del 2», «Dikt og forbannet løgn» samt «Olav H. Hauges vakraste dikt», og sannsynlegvis med langt lågare gjennomsnittsalder blant kjøparane.

Enno fleire kan med fordel rydda plass til den vesle, rosa boka i reisebagasjen. Dikta er kanskje ikkje til å bli glad av, men dei gjer vondt på ein god måte. Som når Ringdal skriv om fyllameldingar, om sjølvmordstankar, om angsten for å bli vaksen, om gamle vener som «må ta en kaffe en dag». Og altså om lengt, avvising, kjærleik som ikkje er gjengjeldt og sex som berre gjer alt vanskelegare.

Fleire av dikta speler på avstanden mellom det personlege og det politiske, eller mellom tankar og handling – ofte skildra i tydelege, nesten filmatiske scenar:

jeg går i tog
8. mars
stopp vold mot kvinner
ut med rasistene
inn med feministene
og det eneste jeg tenker på
er det dumme jeg sa
til deg i fylla
for litt over et år siden

Alt i samlinga fungerer er ikkje like vellukka. Forteljinga «Nå koser vi oss», som skil seg ut mellom dei korthogde dikta, startar med eit lovande plott – eit wienerbrød som skal vera ei utskeiing, men som berre blir ein ny nedtur for eg-personen – men det kjem ikkje noko særleg interessant ut av det.

Diktet som berre består av lina «fuck the pain away» tre gonger etter kvarandre blir også litt for lettvint, sjølv om ein kan lesa mykje ut av gjentakingane her.

Ringdal er på sitt beste når ho snur på klisjéar eller utnyttar tvetydigheiter og forventingar som ligg i språket til å skapa små, uventa skifte. Slik får ho sagt mykje med få og enkle ord:

jeg er hun
som alltid blir for full
av følelser