Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Død eller levande

Bokmelding frå Nynorskbok.no:

"Kombinasjonen av spennande og lettlesen roman for ungdommar er ikkje dagleg kost, men Lars Mæhle fortel ei skummel og spøkelsesaktig historie i Død eller levande. Her møter vi tvillingparet Simon og Katrin og veninna deira, Irma. Både Simon og Katrin har Evna, dei kan sjå og høyre det ingen andre ser og høyrer, og dei kjenner på seg når noko er gale. Ein dag møter dei Nihil, som lovar dei store pengar om dei kan finne ut kva som hende med dottera hans Angela, som forsvann for 30 år sidan. Då må Simon leite i Limbo, ein annan dimensjon der dei halvdaude held til. Sprekkane til Limbo finst der tyskarbrakka i Bekkedalen er.

mæhle

Simon høyrer underleg pianospeling same staden, og han oppfattar det som ei åtvaring. Han opplever ei svært ubehageleg kjensle og ei vond kraft, og han kjenner seg gjennomkald.

Så startar opprullinga av mysteriet, og dramatiske saker hender. Katrin blir skadd og hamnar på sjukehuset, Simon og Irma finn ut at Nihil tyder «ingen», og mora seier han bare er fantasi. Dei leitar i mikrofilmar på biblioteket og finn ei forsvinningssak som er 32 år gammal. Dei finn ut at Angela, som den gongen var 15 år, gjekk over ei hengebru og sidan bortover vegen før ho blei borte. Nokon må jo ha sett ho? Simon går den same vegen, og brått innser han kva som må ha skjedd med ho.

Men kven er den skuldige? Det er mange trådar som ikkje passar saman her, og mange dei kan mistenke. Simon og Katrin har aldri fått vite kven faren deira er, og dette blir også ein del av det som er innfløkt. Simon må inn i det svartaste mørket før saka løyser seg.

Romanen er ei av bøkene i den nye serien Grøss og gru, og er gitt ut med støtte frå Leser søker bok. Boka er på vel hundre sider, og passar for han eller ho som er på jakt etter noko spennande å lese sjølv om ein ikkje i utgangspunktet er ein bokslukar".

Lån boka

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut