Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dumme, dumme hjarte

Klara synest kjærleik er noko drit, og at det er eit problem at faren hennar ikkje har nokon ny kjærast. Difor tek ho saka i eigne hender. Ho skriv eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassane til dei einslege damene i nabolaget. Men det fører til at ho kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Då det byrjar ein ny jente i klassen får ho sjølv svar på kven ho er forelska i. For Marie Lindkvist dansar ballett som om det står om liv og død. Ho dansar som om det er hennar siste dans her på jorda. Dette er ei historie om den første, store forelskinga. Om klassefestar, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk.

Lån boka

klakken
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut