Maria Berg Hestad bur i Molde og har ein bratt hage som ikkje er spesielt stor. Ho beheld alt organisk rusk og rask innafor hagen og utnyttar det til jordforbetring. Og ho dyrkar eitt eller anna heile året. Maria Berg Hestad dyrkar alle grønnsakene familien hennar på fem har behov for, i store delar av året. I foredraget fortel ho om korleis ho tenkjer for å kunne klemma ut maks avling over lang tid frå den 300 kvadratmeter store kjøkenhagen. Ho fortel òg kva som er dei enklaste grønnsakene å bli sjølvforsynt på, og korleis familien hennar et.  

Det blir òg ein bolk om korleis ho skapar ein mest mogleg bærekraftig kjøkkenhage, basert på lokale ressursar, samtidig som det sparar både tid og pengar.

Les meir på bloggen hennar: https://detgronneskafferi.com/