Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
bjørnrørvik (2)

Fin avslutningsfest for sommarles på biblioteket

Tysdag 5. september avslutta vi Sommarles 2017 med fest på biblioteket. Om lag 90 barn var samla til premieutdeling, is og forfattarbesøk. Barnebokforfattar Bjørn F. Rørvik fortalde om Reven og Grisungen frå boka si "Vaffelfisken", til stor glede for både små og store. Ei super avslutning på ein flott lesesommar, og vi gler oss allereie til Sommarles 2018! 

Fram til 14. september er det framleis høve til å henta premiar på biblioteket.