Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Forskjellen på blomster og ugras

«Forskjellen på blomster og ugras» av Runar K. Dahle

 

Som det står i skildringa på omslaget, så er dette : "ei bok om det vesle livet i den store verda".

Bakteppet er ei ulukke som faktisk hende i Morecambe Bay i Storbritannia i 2004. Historia bygd opp rundt denne er fiksjon, der hovudpersonane er ein mann og ei kvinne. Desse to set kursen mot Manchester med eit føremiddagsfly frå Flesland, og har svært ulike motiv for å legge ut på denne reisa. Samstundes som dei etter kvart vert kjende med kvarandre, og vi får eit innblikk i deira liv, så har forfattaren fletta inn masse faktaopplysningar. Ein får lære ein del om alt frå engelsk hotellarkitektur, til norsk oljeindustri og gresk mytologi.

Boka er på nynorsk.

 

- Mette -

Lån boka

blomster og ugras
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut