English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:  
boeker.png
Søk i biblioteket sin database:

Fortellingen om Viga-Ljot og Vigdis / Sigrid Undset

Sigrid Undset hadde eit stort forfattarskap då ho døydde i 1949. Denne romanen skreiv ho så tidleg som i 1909. Ho har teke utgangspunkt i dei gamle islandske ættesogene og skrive ei ny.

Dette er kanskje ei bok dei fleste ikkje har lese, men det er ei liti perle av ei forteljing. Her er ein dramatisk historie og sterke kjensler. For alle som likar Undset sine middelalderromanar, er det vel verdt å ta fatt på denne.

Viga-Ljot og Vigdis peikar fram mot dei seinare romanane Undset skreiv. Forfattaren har stor kunnskap om tidi ho skildrar og sameleis om menneskesinnet. Boki inneheld sterke scenar og Vigdis sitt hat kjenner ingen grenser.

Kari Johanna
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Sogndal bibliotek

Postboks 154, 6851 Sogndal

Web levert av CustomPublish AS