Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Gilgamesh2
Gilgamesh2

Gilgamesh - kongen som nekta å døy. Teaterframsyning med Aldateateret. Manus og regi: Rolf Losnegård. Sogndal bibliotek tysdag 24. oktober kl. 19

Dramaet tek utgangspunkt i verdas eldste nedteikna epos om heltekongen Gilgamesh. Staden er Mesopotamia 2000-3000 år f.Kr. Gilgamesh var i følge legendene halvt gud og halvt menneske og i tillegg konge over byen Uruk ved Eufrats bredder. -Men han var ein hard regent. Til slutt var undersottane så lei at dei overtalte gudane til å sende nokon for å jekke kongen ned ...

 

 
 

Mange meiner at Gilgamesh i eposet er den same mannen som faktisk regjerte i Uruk omtrent 2700 år f.Kr, og som blir nemnt i den sumeriske lista over herskarar etter syndefloden. På den tida var Uruk eit stort senter i Sumer, den nedre delen av Mesopotamia.

I dette området mellom Eufrat og Tigris oppsto dei første sivilisasjonane rundt 3400 år f.Kr, og herfra kjem altså verdas eldste litterære verk: Historia om Gilgamesh.

Velkomen! Gratis inngang.           Arr. er støtta av Nasjonalbiblioteket.  Forestillinga tek 1 time 3 min og høver frå 12 - 100  år.