Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Bok på døra

"Bok på døra" er eit gratis tilbod til deg som ikkje kjem deg til biblioteket for eiga hjelp. Ordninga er eit samarbeid mellom Sogndal bibliotek og Sogndal Røde Kors. Dersom du tek kontakt med biblioteket og seier kva for bøker du ønskjer å låna, vil Sogndal Røde Kors levera bøkene heime hjå deg. Dei vil òg henta att bøkene når du er ferdig å lesa dei, og koma med nye bøker når du ønskjer det. 

 

bok på døra

Lån dialektrebus på biblioteket

Sogndal bibliotek har laga ein kviss med lokale dialektord som du no kan låna med deg heim. Kvissen kan vera fin å bruka i familieselskapet eller rett og slett berre for å testa dine eigne dialektkunnskapar. 

 

Dialekt

Lånekort på mobilen

Dersom du lastar ned appen Bibliofil, har du på ein enkelt måte tilgang til biblioteket sine tenester. Du har full tilgang til søk, reservering og lånarsider. Appen gir òg høve til å visa lånekortet på skjermen, slik at du slepp å ha med det fysiske lånekortet på biblioteket. Lånekortet i appen kan brukast både i skranken og på sjølvbeteningsautomaten på biblioteket.

Appen lastast ned frå App store eller Google play.

 

bibliofil
Opningstider
 
Måndag     13-19
Tysdag       10-16
Onsdag      10-16
Torsdag     13-19
Fredag       10-16
Laurdag     10-14

Kva skjer?