Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ho sykla bort

Nynorsk.bok.no skriv dette om boka Ho sykla bort av Solfrid Sivertsen:

Den seinaste novellesamlinga til Solfrid Sivertsen inneheld ni noveller, der alle så nær som ei blir fortalde av ein eg-forteljar. Dei langt fleste novellene er også fortalde av barn, og vi møter han eller ho i ein kvardagsleg situasjon. Dei dramatiske hendingane, som ei drukningsulykke, mors mange kjærastar eller overgrep, blir ikkje utdjupa, men ligg der som eit bakteppe for opplevingane barna har.

Vidare heiter det:

Sivertsen klarer godt å skildre frå det barnlege perspektivet og gje oss eit sug i magen og ei uro. Vi som les, har meir oversikt og forstår konsekvensane meir enn barnet. Dette er historier som rører oss.

Les heile bokmeldinga på Nynorsk.bok.no

 

Lån boka

ho
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut