Postboks 154, 6851 Sogndal
I Roald Dahls kjøkken av Roald og Felicity Dahl
I biblioteket finst mange perler og dette er ei av dei. Boki kom på norsk i 1991. Originaltittelen er: Memories with Food at Gipsy House.
Roald Dahl var halvt norsk, men oppvaksen i England. Han skriv svært bra og krydrar oppskriftene med anekdotar av alle slag. Me skjønar at han er meir enn vanleg interessert i mat og vin. Boki vert og sjølvbiografisk, sidan han tek utgangspunkt i familien sin og livet i heimen. Layouten er svært bra, med fantastiske foto og illustrasjonar av alle slag. Kapittelet om korleis Roald Dahl oppdagar og vert glad i vin, må vera noko av det beste som er skrive av dette slaget. Felicity Dahl er kona til Roald.
For å ha glede av boki, må ein sjølvsagt vera interessert i temaet. Dette er ein klassikar som ein kan koma attende til fleire gonger. Roald Dahl døydde i 1990.
Kari Johanna