Postboks 154, 6851 Sogndal
Kameliadamen av Alexandre Dumas
Alexandre Dumas den yngre skreiv Kameliadamen La Dame aux Camélias i 1848. Boki er skrivi på ein måte som var vanleg den gongen. Forfattaren samtalar med ein forteljar som gjev sin versjon av det som har hendt. Gjennom brev og dagboksnotat får ein og innblikk i dei andre personane. Handlingi i boki tek utgangspunkt i Marie Duplessis som var luksusprostituert i Paris. Ho døydde av tuberkulose, berre 22 år gamal. Denne kvinna hadde og eit forhold til Alexandre Dumas sjølv. Boki er velskrivi og Dumas maktar å fengja lesaren.
Eit par år etter at boki kom ut, dramatiserte Dumas boki og gav ho ut som skodespel. Giuseppe Verdi tok utgangspunkt i dette skodespelet og skreiv operaen La Traviata i 1853. Den blei slett ikkje nokon suksess då han vart sett opp fyrste gongen. Publikum lo av heile forestillingi og likte ikkje musikken. I dag er La Traviata høgt verdsett. Historia er og filmatisert med Greta Garbo som Violetta.
Sogndal bibliotek har fått ei ny utgåve av boki. Denne er med storskrift.
Kari Johanna