Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Keeperen og havet

Boktips frå Nynorsksenteret:

Ytterdøra vår small så det rista i heile huset, og så følgde eit frykteleg brak og roping. – Søren salte!

Slik startar Keeperen og havet. Med futt og fart, i det ytterdøra smell etter Lena så familien Danielsen Yttergård er usikre på om det er ein naturkatastrofe som har råka dei, eller om det er Lena Lid som har kome heim frå ferie. Det er som om det var i går vi møtte Lena og Trille sist, i boka Vaffelhjarte. Vi kjenner saltvasslukta frå Knert-Mathilde med ein gong når Lena brasar inn i gangen med heile sitt energiske vesen og er tilbake. Endeleg tilbake!

Både Lena og Trille har blitt litt eldre sidan Vaffelhjarte. Nye utfordringar ventar, og det er duka for mykje drama og sterke kjensler det komande året. Uversskyer kan kaste skuggar både i bokstavleg og i overført tyding, og det er ikkje alltid at livet i Knert-Mathilde er like idyllisk, verken på den eine eller andre måten. Kva hender med vennskapet mellom Lena og Trille når ei ny jente, som attpåtil er frå Nederland og har lyse englekrøller, dukkar opp i klassen? Kan farfar halde fram med å jakte på storfisken sjølv om han tek til å bli gammal? Og korleis skal Lena få fart i keeperkarrieren når trenaren lagar livet surt for henne?

Keeperen og havet inneheld ein solid dose spenning og humor. Dei mange påfunna til Lena og Trille går liksom aldri heilt etter planen, og forfattaren skildrar dei med uvanleg driv og hjartevarme. Kva skal ein gjere då, når alle flaskepostane ein sender driv inn i fjøresteinane heime, når Krølla sit fast midt oppe i flaggstonga, eller når den store stormen kjem dundrande og saboterer julebukk-gåinga? Nei, det gjeld å ikkje gi seg på det i alle fall.

Keeperen og havet er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte, og er retta mot 9–12-åringar. Maria Parr har fått mange prisar for dei to første bøkene sine, er omtala som vår tids Astrid Lindgren og er omsett til svært mange språk. Eg spår ei like lysande historie for Keeperen og havet som for dei to første bøkene av Maria Parr. Dette er ei perle!

Keeperen_og_havet_stort-761x1024
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut