Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Klassen: fortellinger fra et skoleår

Av Marte Spurkeland

I denne boka får vi innblikk i ein 3. klasse på vidaregåande skule og læraren deira Anette.

Anette må vera prototypen på lærar med stor L! Klart ho gjer meir enn ein kanskje kan forvente, men det å syne omsorg for sine elevar, og ha som mål at alle skal klare å gjennomføre siste året på vidaregåande skule – er viktig.

Elevene har til dels store utfordingar utanom skulen. Mangfaldet og spennet i problema er overveldane. At skulen sine reglar og tidsfristar blir tøygd – gir håp om at berre læraren ser eleven, skal det meste gå.

Vi får innblikk i 7 av elevane sine liv. Ein har mellom anna innleveringsvegring, ein har dysleksi, ein kjem frå ein familie der far er truande, her er forelskingar, angst og valdtekt. På skulen skal dei lære litterære analysar, få historisk oversikt, lære matte og levere engelskoppgåvene. Dei skal ha munnlege framføringar og skriftlege innleveringar. Eksamen nærmar seg – det gjer russefeiringa òg!

Boka må passe for både vaksen lesar og elevar som er engasjert i kvardagen sin. Boka har godt driv der vi blir med på reisa til denne klassen – siste året på vidaregåande.

Sidsel

Lån boka

Klassen
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut