Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

M. Kanne & Søn (Kanne-kvartetten)

Denne mursteinen av ei bok er ei slektskrønike og ein historisk roman. Vi følgjer M. Kanne som kjem til Stavanger i 1889, og etter kvart etablerar seg som fotograf der. Gjennom han og etterkomarane sine liv fram til år 2000, får vi eit eineståande innblikk i dei ulike tidsepokane. Historiske hendingar, både her til lands og ute i verda elles, påverkar livet til familien Kanne.

Og anten ein er interessert i fotografering eller ikkje, så er det spanande å høyre korleis fotoapparat og kunsten å fotografere endrar seg etter kvart.

Om ein skulle tykkje at denne boka, med sine 815 sider, er litt mykje å ta fatt på, så er dei fire bøkene utgjevne kvar for seg og.

- Mette -

Lån boka

 

kanne
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut