Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Mine verste år

Dumme reglar er til for å brytast, meiner Rafe. Første dag i 6.klasse ser ut til å bli starten på det verste året nokon gong for Rafe. Han har allereie nok problem heime, og no skal visst skulen òg bli ei stor utfordring. Heldigvis har han ein super plan som skal gjera at skuleåret skal bli heilt kanon, men klarar han å gjennomføra den? Medan bestevenen hans følgjer med og gir han poeng, skal Rafe prøva seg på å bryta kvar einaste ordensregel på skulen. Å tyggja tyggis i timen - 5000 poeng! Springa i gangen - 10.000 poeng! Starta brannalarmen - 50.000 poeng! Dette er første boka i serien Skolen.

Lån boka

skolen
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut