Postboks 154, 6851 Sogndal
Potensgiverne av Karin Brunk Holmqvist
Dei to systrene, Tilda og Elida på 72 og 78 år, bur i barndomsheimen i ein svensk småby. Ein by der fleire og fleire bustader vert selt til folk som brukar dei som feriehus. Dei to systrene har ikkje endra på noko i huset etter at forelda døydde. Dei hentar vatn i brønnen og då må dei gå over naboen sin eigedom, og med utedo i hagen vert det mange heller mørke og kjølege turar dit.
Spaninga er difor stor då nabohuset vert selt som feriestad til Alvar Klemens. Får dei gå over eigedommen? Tilda og Alida brukar mykje tid til å titta gjennom vindauget over på nabohuset Og kva skal dei kle på seg og korleis skal dei oppføra seg når dei vert bedd i selskap til Alvar?
Dette er ei lettlesen, morosam bok. Ingen skal seia at ikkje gamle damer kan vere kreative!