Pressreader er ei digital avisteneste som gjev tilgang til over 5000 aviser og tidsskrift på over 60 forskjellige språk.

Ein kan lesa avis/tidsskrift på PCar på biblioteket, eller ein kan lasta ned via ein app til smarttelefon eller nettbrett. Lastar ein ned appen får ein tilgang utanfor biblioteket i 72 timar.

Ordninga er eit spleiselag mellom fylkesbiblioteket og elleve folkebibliotek i fylket. Det er biblioteka i Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gloppen, Luster, Sogndal, Stryn, Vik, Vågsøy og Årdal.

Les meir om korleis du kan bruka tenesta på http://blog.pressreader.com/businessblog/use-pressreader/

Avisene og tidsskrifta finn du på http://www.pressreader.com

Det skal vera ein grøn kaffikopp i venstre hjørne på Pressreader-sida om alt fungerer.