Tenesta er så langt berre tilgjengeleg i ein testversjon i nokre fylke, mellom anna Sogn og Fjordane. I løpet av 2018 skal den vera tilgjengeleg for heile landet.

Slik gjer du:

1. Gå til https://bibsok.no 

2. Søk opp det du vil låna og klikk "bestill".

3. Logg deg på med nasjonalt lånenummer og pinkode. Lånenummeret står på lånekortet og byrjar med N00. Pinkoden er den same som du brukar på "Mi side" for å bestilla og fornya bøker på biblioteket si heimeside. Dersom du ikkje har nasjonalt lånekort eller ikkje veit lånenummeret ditt eller pinkoden din, kontakt biblioteket.

4. Hugs å sjekka at Sogndal bibliotek står som hentebibliotek. Dersom det ikkje gjer det, eller du ønskjer å henta boka på eit anna bibliotek, velg "endre hentebibliotek". Du får stadfesting om at bestillinga er motteken og melding når boka kan hentast på biblioteket.

Sidan Biblioteksøk er i ein testfase, tek vi gjerne imot tilbakemeldingar på korleis det fungerer.