Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Reisa til verdas farlegaste land

Nynorskbok.no skriv følgjande om boka:

"Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen. For å kome deg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slags prøvingar.

Du er slett ikkje trygg sjølv om du skulle kome deg inn på slottet heller:

Kjøkkenskjefen lagar støtt
sin livrett: kverna løk og kjøtt.
Det hender at eit barn dett ned
i kverna og blir kverna med.
Det beste er nok å gå raskt forbi
viss ikkje du vil bli til evig tid.

I verdas største slott er det både skrekk og gru, men det finst ein veg ut. Dessutan har monstera ei oppskrift for kva som er god oppførsel, og kva du skal gjere for å kome deg heilskinna heim igjen.

Teksten er i diktform og det kler denne reinskorne forteljinga. Dei makabre, men humoristiske, illustrasjonane støttar godt opp om teksten. Her er akkurat nok grøss og gru til at nakkehåra reiser seg, men ikkje verre enn at du får sove om kvelden. For barn i alle aldrar. "

Lån boka på biblioteket

Reisa_til_verdas_farlegaste_land-880x1024
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut