Det vert høgtlesing i biblioteket for små og litt større barn. Det er lesegledarane Toril Engesæter som les for dei minste (barnehagealder og 1.-2. klasse) kl. 11 og kl. 12 og Gunn Dale Tufte som har ei økt for 3.-4. klasse kl. 13 og ei økt for 5.-7.klasse kl. 14.

I Blaoboxen viser Sogn og Fjordane teater "Skomakarens draum"  kl. 12 og kl. 14. Billettar à kr. 80,-  kan kjøpast på nettsida til Sogndal kulturhus.

Eventyrforteljinga  "Nordavinden" vert fortalt av skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater kl. 13 og kl. 15

Til deg som er vaksen og har plassen din mellom boka og barnet, vil litteraturformidlar Janne Karin Støylen halde foredraget ”To strekar under høgtlesing” – kva føresetnader gjeld for ei god formidling? At du som er vaksen også likar bokar du les! Bøker som er gode, både for den vesle lesaren og den vaksne formidlaren, finst det mange av i den nynorske barnebokhylla.

Elles vert det teiknekrok både i biblioteket og i foajeen der alle som vil kan utfolde seg. Du kan og få lage dine eigne bokmerke.