Boktips
Biblioteket anbefaler bøker
Klikk på bileta for å sjå om bøkene er inne.

GUERNSEY FORENING FOR LITTERATUR OG POTETSKRELLPAI
AV MARY ANN SHAFFER
No som sommaren er komen, treng vi ei god bok å slappa av med i sola! Mary Ann Shaffer har lukkast med å skriva ei koseleg bok for varme dagar.
Forfattaren er fødd i 1934 i West Virginia, og arbeidde mellom anna som bibliotekar og bokhandlar. Hennar livslange draum var å skriva ei bok som nokon ville lika godt nok til å publisera. Dette fekk ho oppleva med boka med den noko originale tittelen ”Guernsey forening for litteratur og potetskrellpai”. Dessverre døydde Mary Ann Shaffer i 2008, så då det vart berre med denne eine boka.
Ho henta inspirasjon frå boka ”Jersey under the Jack-boot”, som omhandlar kanaløyene under den tyske okkupasjonen. Forfattaren satt verfast på flyplassen på Jersey og las difor alt ho kom over av litteratur om øya i bokhandelen der. Dette vart henta fram att då ho skulle velja tema for romanen sin. Romanen har ei original utforming, heile boka består av brev mellom dei forskjellige personane som opptrer der.
Hovudpersonen er journalisten og forfattaren Juliet Ashton. Ho har skrive små epistlar i ei Londonavis under krigen, og desse vart etterpå samla i ei bok som ho no reiser rundt og promoterer. Ho har suksess med dette, og leitar no etter eit tema for den vanskelege ”andreboka”. Huset hennar er bomba, og ho kjenner seg rotlaus i eit London som enno ber preg av ein krig som nett er avslutta.
Då ho mottek eit brev frå ein person på Jersey, som har kjøpt ei gamal bok som eingong har vore hennar, forandrar dette livet hennar. Dawsey Adams vil gjerne vita meir om forfattaren som har skrive boka, og Juliet blir fascinert av at han er så svolten på litteratur. Brevvekslinga startar, og etter kvart blir ho kjent med ein original lesesirkel. Ei gruppe svært forskjellige naboar på Jersey har klart seg gjennom Tyskland sin okkupasjon av kanaløyene ved hjelp av kløkt, nestekjærleik og klassisk litteratur.
Juliet blir kjent med eit (også for meg) ukjent dramatisk kapittel i historia, og også med nye sider av seg sjølv.
- Lise -
Krim til påsken

Påsken står snart for døra, og tradisjonelt er det då høgsesong for å lesa KRIM! No er jo eg den som les krim heile året – og ein av favorittane mine er den svenske forfattaren Håkan Nesser. Han har nettopp skrive ein ny frittståande roman, ”Carmine Street”. Store delar av boka handlar om tap, om det å mista eit barn og om å glippa fotfestet i livet. Hovudpersonen er forfattar og prøver å skriva seg ut av sorga. Kona hans prøvde å ta livet sitt etter at dottera forsvann, og kontakten mellom ektefellane er skjør. Ho har og i eit tidlegare ekteskap mista eit barn. Då dei bestemmer seg for å bryta opp og flyttar til New York og Carmine Street, tek underlege ting til å skje. Kven er det eigentleg som har kidnappa dottera? Kvifor trur plutseleg mora at ho fortsatt er i live? Dette er ei bok med ei langsam handling, men byggjer seg opp til ein overraskande slutt. Absolutt anbefalt som krimfavoritten i påsken!

Alle bøkene til Håkan Nesser er kvalitetskrim (som så mange andre svenske kriminalromanar). Dei siste tre bøkene hans om politimannen Barbarossi er alle saman gode, særleg likte eg ”Beretningen om herr Roos”. Denne boka har også den same langsame handlinga som i ”Carmine Street”. Alle er verdt å lesa.

Den første boka eg las av Håkan Nesser var ”Kvinnen med fødselsmerket”. Boka inngår i serien han har skrive om politiet i den fiktive byen Maardam. Handlinga er brutal. Korleis straffa dei som har skylda for eit øydelagt liv. Ei dotter tek saka i eigne hender etter mora sin død. Ei bok eg verkelig kan anbefala, og som du ikkje legg frå deg før du har lese siste sida. Ta også med deg dei andre bøkene i serien på påsketur, vel verdt å lesa alle saman!
Ann Cleeves har gitt ut tre kriminalromanar frå Shetland. Den første boka ”Svart som ravnen”, vann i 2006 prisen ”The Gold Dagger” for årets beste kriminalroman, og det var velfortent! Ho gav deretter ut ”Hvite netter”, og no i 2010 kom boka ”Røde knokler”

Naturen og miljøet på Shetland er med på å skapa uhygga og dramatikken i desse bøkene; om vinteren isolasjonen, mørket og tåka. Om sommaren lyset og sola som aldri går ned, natta som aldri kjem og kan skjula deg. Oversikta som alle har over kvarandre i eit lite samfunn kan i mange høve fanga deg og innskrenka muligheitene dine.
I den siste boka som akkurat er komen ut, er fortida og alt ho kan gøyma temaet. Arkeologiske utgravingar og hemmelegheiter som enkeltpersonar ber på fører til at politimannen Perez blandast inn i ein sak med røter tilbake til krigen. Samtidig er notida tilstades, og vi får eit innblikk i skilnaden mellom fattig og rik på Shetland. Familiebanda er sterke, og konfliktar i generasjonar spelar ei stor rolle i denne spennande romanen. Absolutt ei bok å ta med i sekken på påskeferie.
- Lise -
Hwang, Sok-Yong: Herr Han
Solum forlag 2009

Forfattaren , som er fødd i 1943, er ei framtredande litterær røyst blant Sør-Korea sine dissendentar. På 1970-talet sat han fengsla i sju år for ytringane sine og vart òg i ein periode driven i eksil.
Romanen "Herr Han" er i sterk forteljing om tida under og etter Koreakrigen. I første del av boka møter vi fleire personar/familiar som bur trongt og under elendige tilhøve etter krigen. Herr Han er ein av desse. Han har lite eller ingen kontakt med naboane, og dei veit ingenting om han. Det gjer heller ikkje vi som lesarar før i andre del av boka.
Herr Han var utdanna lege, nærare bestemt gynekolog, og yrket oppfatta han som eit kall. Under Koreakrigen vart han kalla inn som militærlege, men han fall i unåde då han nekta å favorisere partipampane framfor vanlege pasientar. Han måtte flykte. Vi får høyre om det koreanske folket sine lidingar under splittinga av Korea.
I dei seinare åra har Sok-Yong Hwang vunne fleire prisar og brei internasjonal ros for forfattarskapen sin.
Dette var ein ny spanande forfattar for meg og med tema frå ein del av verda som eg veit altfor lite om.
- Signe -
Sankthansvals av Viveca Lärn

Viveca Lärn er fødd i 1944 i Göteborg i Sverige. Ho har ei yrkeskarriere som journalist, 10 år i Göteborg, men er no forfattar på heiltid. Eg vil spesielt gjera merksam på dei seks bøkene ho har skrive frå Saltön i Bohuslän. Hit kjem den unge enka Sara, og me vert etter kvart kjende med Saltönbebuarane på godt og vondt. Lärn skriv godt og med ein utruleg humor og snert. Ho riv oss med og fylgjer snart den eine, så den andre av personane. Eg synest Lärn byggjer opp eit truverdig persongalleri. Handlingi har driv og forteljarglede. Humoren stikk i gjennom i alle situasjonar og Lärn brukar denne til å mjuka opp dei mest tragiske situasjonar.
Fyrste boki frå Saltön er Midsommarvals (1999), Sankthansvals er den norske tittelen. Deretter kjem Hummerfesten (2000), En fröjdefull jul (2001), Gledelig jul på norsk, Värmebölja (2007) og Aprilväder (2008). Dei to siste titlane har eg ikkje funne er omsette til norsk, og eg har difor lese dei på originalspråket. Det er då ein verkeleg ser kor godt Viveca Lärn skriv. Diverre yter den norske omsetjingi henne ikkje rettferdigheit.
Heilt til slutt vil eg gje ein liten smak på forteljargleda og snerten til Viveca Lärn, ved å sitera frå Aprilväder.
Østersfiskaren Bengt tek med seg feite Emily ut til Bonden, ei liti øy i Västerhavet.
"Bengt gjorde i ordning sin båt, drog på kapellet och gick hemåt med ostronen, som låg på is i plastbacken.
Utanför Blomgrens gamla hus stod Johanna och rökte täta och häftiga bloss.
-Hörde att du hade sällskap ombord, sa hon innan han hunnit genom grinden. Behövde du ballast?
Bengt svarade inte utan fortsatte ner till kylrummet i källaren med sin fångst. Johanna följde efter.
-Kan man få en förklaring?
-Till vad?
Han såg på henne. Blicken var kylig. Plötsligt blev hon rädd och började gråta.
Han satte ner ostronen och tog henne i sin famn och strök henne över det långa ljusa håret. Gråten var lång, och hela hennes kropp skakade.
-Två saker ska jag lära dig, Johanna, sa han. Man äger ingen annan människa. Och allt i livet är inte sex.
Hulkande nickade hon häftigt.
-Jag vet, snyftade hon till slut."
- Kari Johanna-
Lykke og glede av Amy Tan

Amy Tan er fødd i 1952 i California i U.S.A. Foreldri hennar hadde emigrert frå Kina på slutten av 40-talet. Tan, som sjølv er amerikanar, skildrar møtet mellom kinesisk og amerikansk kultur. Det er boki Lykke og glede eg særleg vil trekka fram. Den kom i 1989, The Joy Luck Club, på engelsk. I 1990 kom boki på norsk, og allereie i 1993 kom filmen med den norske tittelen, Himmelens døtre. Lykke og glede vart ein internasjonal bestseljar, til stor overrasking for dei fleste. Boki beskriv fire kinesiske kvinner og døtrene deira. Mødrene startar Lykke- og glede klubben for å kunna møtast. Dei kjempar om å vera flinkast til å laga mat og sameleis om kven som har dei mest begava døtrene.
Seinare kom Kjøkkengudens kone i 1991, på engelsk, The Kitchen God`s Wife, så kom The Hundred secret sences i 1996, på norsk, Hundre hemmelige sanser og til slutt The Bonesetter`s Daughter i 2001, Beindoktorens datter. Alle bøkene har tema frå Kina og U.S.A. og møtet mellom kinesisk og vestleg kultur. Feng Shui, gamal kinesisk visdom, spelar ei stor rolle i handlingi.
Eg anbefaler alle å lesa desse bøkene. Amy Tan skriv svært godt og kan kunsten å få lesaren med seg. Mor-dotterforholdi er berande i bøkene.
- Kari Johanna-
Bygda av William Faulkner

William Faulkner (1897-1962), var fødd i Missisippi i U.S.A. Han fekk ein tilfeldig skulegang, og tenestegjorde seinare som frivillig i det kanadiske flyvåpenet. Sjølv ville han gi inntrykk av at han deltok i krigen, men i røyndi kom han aldri lenger enn til flygarskulen i Toronto. Han studerte deretter ved University of Mississippi og seinare var han journalist i New Orleans.
Faulkner vart ein fornyar av romanformi. Han skriv sterke historiar frå landsbygdi i Midtvesten. Det er særleg romanen The Hamlet frå 1940 eg vil trekka fram. Den kom seinare i norsk omsetjing, Bygda, i 1996. Denne romanen vart seinare, saman med andre historiar av Faulkner, nytta som bakgrunn for storfilmen, The long hot summer.
Filmen kom i 1958 og hadde Paul Newman, Joanne Woodward og Lee Remick i dei berande rollane. Seinare i 1986 vart plottet brukt på nytt i ein TV-serie med Don Johnsen og Cybil Shepherd. Tittelen vart den same som i 1958. Denne serien vart sendt i norsk TV og. Etter mi meining spelar både Johnsen og Shepherd glitrande. Det er ein sterk kjærleikshistorie mellom fattigguten og rikmannsjenta. Sameleis vert det eit dramatisk oppgjer mellom bygda og låvebrennaren.
- Kari Johanna -
Medmenneske av Olav Duun

Olav Duun (1876-1939), var fødd på Jøa, i Fosnes i Namdalen. Han rodde fiske i mange år før han byrja på lærarskulen. Det er Medmenneske-triologien hans eg vil ta fram. Medmenneske er kanskje den best komponerte og mest lesne romanen i forfattarskapet til Duun. Boki kom i 1929 og fekk framhald i Ragnhild i 1931 og Siste leveåre i 1933. På Sogndal gymnas var og bøkene pensum i norsk og der fekk eg fyrste møtet med Duun. Han har eit fantastisk språk og ei stor forteljarglede.
Psykopaten Didrik legg planar for bygda og kuar sonen Håkon. Svigerdotteri Ragnhild er eit godhjarta menneske og til slutt tek ho eit oppgjer med Didrik, kanskje mest fordi ho ser at Håkon er for veik til å gjera det. Konklusjonen er bitter: "Det vonde drep du ikkje med øks".
Olav Duun fekk aldri Nobelprisen, men han var innstilt fleire gonger frå 1919 og utover. I 1925 tapte han prisen med ei stemme for George Bernard Shaw. Romanane hans har eit allmenngyldig innhald og kampen han skildrar mellom det vonde og det gode i menneski, er like aktuelt i dag som den gong han skreiv romanane.
- Kari Johanna -
Hus og hjem av Helle Helle
Hus og hjem er den første romanen til den danske forfattaren Helle Helle. Hovudpersonen i boka er Anne, tretti år, som har flytta tilbake til barndomsbyen sin. Sambuaren hennar, Anders, skal flytta etter først om ein månad, og Anne har installert seg i huset på førehand for å pakka ut og gjera huset dei har kjøpt til ein heim. Anne kjem ikkje igang med prosjektet, ho får ikkje gjort noko av det ho har tenkt seg, men brukar istaden tida si saman med barndomsvenninner og naboen, presten Jens.
Boka har tilsynelatande ikkje den store spenningskurva, både ytre handling og indre drama er nedtona. I staden for omfattande person- og miljøskildringar, har forfattaren fullt fokus på dialogen mellom karakterane. Med dialogen så sentralt, skjønar vi frå første stund at det ligg mange underliggjande spenningar mellom karakterane i boka.
Eg er fascinert av minimalismen i språk og handling og les gjerne fleire bøker av Helle Helle. Ei god leseoppleving!
- Eli -
Nagalands døtre av Easterine Iralu.

Denne boka er skriven av ei forfattarinne som sjølv har vakse opp i Nagaland, nordaust i India. No bur ho i Tromsø, etter at ho flykta frå landet i 2005. Då hadde familien vorte utsett for truslar og overvaking. Iralu er oppteken av kampen for demokrati og menneskerettar, og brukar forfattarskapet sitt til å skriva om konflikten og valden som har råda i heimlandet hennar i over 60 år.
Hovudpersonen er lille Lieno, som tidleg oppdagar forskjellen mellom seg sjølv og dei fire eldre brørne når dei vitjar bestemora. I fylgje bestemora treng ikkje jenter utdanning, ømheit, kjærleik eller tid til å leika. Ho skal vaksa opp til å verta ei god Naga-hustru og mor. Bestemora, matriarken, har stor makt i familien, og bestemmer at Lieno skal bu hjå ho, då ho treng hjelp i huset. Då er ho berre 5 år.
Heldigvis er Lieno ein sterk person. Ho let seg ikkje knekka av det harde arbeidet og mangelen på omsorg, og gjennom hennar auge får vi eit innblikk i dei mange problema India slit med på veg til eit moderne samfunn.
- Lise -
"Lykken i livet" av Ömer Zülfü Livaneli, Gyldendal 2008
Tittelen får ein til å tenkje på ei bok i den "lettare" sjanger. Det er det definitivt ikkje.
Forfattaren tek oss med til Tyrkia der vi vert kjende med tre forskjellige liv eller lagnader om ein vil.
Vi møter 17 år gamle Meryem som kjem frå ein liten landsby i den austlege delen av Tyrkia. Ho vart valdteken av onkelen sin og gøymt bort i ein kjellar. Den eldre fetteren hennar, Cemal, kjem frå same landsbyen, men har vore lenge heimafrå for å kjempe for Tyrkia mot den kurdiske PKK-geriljaen frå Nord-Irak. Vel heimkomen frå krigen vert det hans jobb å ta livet av Meryem som er ei skam for familien. Parallellt med desse to møter vi universitetsprofessoren Irfan. Han er frustrert over jobb og ekteskap, skaffar seg ein seglbåt og rømmer frå alt.
Dei tre kjem i kontakt med kvarandre ved eit slumpetreff og dei har på mange måtar fleire ting felles. Dei er i sterk tvil om kva som er rett og galt og føler seg ikkje vel i eigne liv. Korleis skal dei takle dette?
Boka fortel oss mykje som dagens mangfoldige Tyrkia - eit land i kryssingspunktet mellom aust og vest, moderne kultur og gamle tradisjonar som står mot kvarandre.
Eit alternativ til den tyrkiske nobelprisvinnaren, Pamuk som av mange vert oppfatta som noko tunglest.
- Signe -
"Utskudd" av Sadie Jones, Gyldendal 2009

Krigen er slutt, året er 1945. Lewis sin far kjem heim til familien etter å ha tenestegjort som soldat. Faren har forandra seg i løpet av dei åra han har vore borte, og er mindre opptatt av Lewis enn tidlegare. Lewis og mora har eit nært forhold, og mora er alt for han. Ein dag når dei to er på piknik ved elva, druknar mora. Lewis prøver å redda henne, og er nær ved å drukna sjølv. Ingen av dei vaksne rundt han er i stand til å hjelpa Lewis i gjennom tida etterpå, og ingen av dei fangar opp sorga og einsemda hans. Lewis utviklar seg til å bli ein trist og inneslutta 10-åring, som gradvis får større problem. Til slutt endar han opp med å bli arrestert og havnar i fengsel. Då han kjem tilbake frå fengselsopphaldet, ser vi at han fortsatt ikkje møter den medmenneskelegheita han treng.
Ei sår og trist bok, med ei handling og ein hovudperson du ikkje gløymer, når du legg frå deg boka.
Anbefalast!
- Eli -
”Vann til elefantene” av Sara Gruen, Bazar 2008.

Denne boka er verdt å få med seg!
Det er ei spennande historie frå sirkuslivet på 1930-tallet i USA, der depresjonen får noken menneske til å gjere uhyrlege gjerningar, samstundes som det får andre til å syna kjærleik og vennskap.
Hovudpersonen, Jacob Jankowski fortel historia si frå aldersheimen der han er blitt plassert av slektningane sine mot si vilje. Ein dag kjem eit sirkus til byen like ved aldersheimen, og det set minnene til Jackob i sving. Han var nemleg nesten ferdig utdanna veterinær, då han mista begge foreldra i ei ulykke. Det synte seg at det var ingen arv igjen etter dei. I sorga over foreldra og i motlausa over framtida, klarte han ikkje å ta eksamen. Utan framtidshåp hoppar han på eit tog…
Det syner seg at dette toget tilhøyrer "Benzinibrødrenes Mest Spektakulære Sirkus i Verden". Der får han seg jobb under tvil, møter kjærleiken i Marlena, ein gift sirkusartist, og mykje spennande skjer undervegs frå plass til plass. Her er rikeleg med gode forteljingar om vennskap mellom menneske og dyr, men og om kor desperate menneska kan bli!
-Sidsel-
Némirovsky, Irène: Hett blod. Oslo 2008.

Forfattaren vart fødd i Kiev i 1903. Ho var russisk jøde, men busett i Frankrike. Her skreiv ho romanane sine og vart ein anerkjend forfattar i Frankrike på 1930-talet. I 1942 vart ho sendt til Auschwitz og døydde der etter kort tid.
Bøkene hennar er prega av solid menneskekunnskap, noko som gjer dei tidlause og like aktuelle i dag . "Hett blod" går føre seg i ein liten fransk landsby på 1930-talet. Bøndene har tilsynelatande nok med sitt, er opptekne av pengar og eigen eigedom. Sladderen har gode kår og alle veit "alt" om alle. Eg-forteljaren er den gamle ungkaren, Silvio, som lever stille og tilbaketrekt, men er god til å oppservere. Fleire familieløyndomar kjem fram i dagen, både livsløgn og forstillelse som i eit Ibsen-drama.
Boka har eit forord som fortel om forfattaren sitt liv og skjebne og diskuterer denne romanen opp mot forfattaren sitt eige liv. Dette virkar litt merkeleg - kanskje burde det heller vore etterord?
- Signe -
Krim til påskeferien
Eg elskar krim. Heilt frå dei første mysteria med ”Bobsey-barna” og ”Frøken detektiv” har spenninga ved det uløyste mysteriet fascinert meg. Likevel: Mykje krim er fort lese og endå fortare gløymt. Enkelte bøker kan eg imidlertid ta fram på nytt og fryda meg over att, då er det miljøskildringar, språket og stemninga i boka som tel. Difor vil du her ikkje finna skildringar av den siste nye kriminalromanen. Her må helten klara seg utan mobiltelefon og Internett, vil han ringja politiet må han springa til næraste telefonkiosk. Godtek du dette, så les vidare!

Min danske yndlingsforfattar, Dan Turéll (1946-93) gav ut 80 bøker før han prøvde seg på krimsjangeren. I 1981 kom den første kriminalromanen i ein serie på 10 om den namnlause journalisten i Ekstra-bladet. ”Mord i mørket” føregår på Vesterbro i København, i dei mørke bakgatene og brune kaféane. Det ligg ein bluesaktig stemning over skildringane, og historia dreg deg inn i den brutale kvardagen i distriktet rundt Istedgate. Ufrivilleg blir hovudpersonen vår dregen inn i etterforskinga av eit drap i nærmiljøet som han føler angår han. I denne serien på 10 bøker er det jo greitt å ta til med den første boka: ”Mord i mørket”. Den beste boka i serien tykkjer eg er ”Mord på mandag”, som er nr. 3 i rekkefølgja, denne vart også månedens bok i Den norske bokklubben i desember 1991. Eg anbefaler alle bøkene i serien!
Mine svenske yndlingsforfattarar, Sjövall & Wahlöö, skreiv i perioden 1964-74 ein serie på 10 bøker, alle med undertittelen ”roman om en forbrytelse”. Her blir det svenske samfunnet skildra med kritiske auge, det er i realiteten dei svake i samfunnet forbrytelsen blir gjort mot. Bøkene er sterkt farga av forfattarane sin politiske ståstad, og framstår som svært kritiske til måten det svenske samfunnet utviklar seg på. Bøkene er filmatisert og hovudpersonen Martin Beck er vel kanskje kjend for mange. Den første boka i serien er ”Roseanna”. Ønskjer du å lesa alle bøkene er det greitt å starta der. Den aller beste boka i serien er etter mi meining ”Døden tar buss”, som er den 5. boka i rekkja. Boka fekk den amerikanske Edgar-prisen, som kanskje er den største utmerkinga i kriminallitteraturen. Bøkene har seinare inspirert andre forfattarar av politiromanar, og nyare utgåver av bøkene har forord av forfattarar som Henning Mankell, Håkan Nesser, og Roslund og Hellström. Anbefalast!
- Lise -
Kari Johanna sine anbefalingar for mars:
Shakespeare, William: Much Ado about Nothing eller Stor ståhei for ingenting (1600). Skodespel, film og musikk.

William Shakespeare (1564-1616) vert rekna for verdi sin fremste dramatikar. Han vart fødd i Stratford-upon-Avon som son av ein hanskemakar og lærvarehandlar. Utdanningi var mangelfull, likevel har han skrive udødelege verk, like aktuelle i dag som for 400 år sidan. Shakespeare skreiv om lag 36 skodespel og eg vil gjerne introdusera det eg likar best: Stor ståhei for ingenting, som vart utgitt i 1600. Det er ein komedie, men som alltid hjå Shakespeare, med alvorlege undertonar og konfliktar. Mitt fyrste møte med skodespelet var gjennom filmen som kom i 1993. Kenneth Branagh gjer ein overbevisande og vanvittig morosam Benedict, herleg forelska i seg sjølv, men etterkvart og i Beatrice, spelt nesten like overtydane av Emma Thompson. Danzel Washington og Keanu Reeves har og store rollar i filmen. Eg vil anbefala å lesa skodespelet fyrst. Me har det i omsetjing ved André Bjerke. Originalteksten har sjølvsagt kvalitetar som ein tekst på norsk aldri kan gjengi. Filmen kan det vera lurt å spara til slutt. Skodespelet er og tonesett for dei som er interessert i det.
Hamsun, Knut: Markens grøde (1917)

Knut Hamsun (1859-1952) har jubileum i år. Det er 150 år sidan han vart fødd. Denne romanen som kom i 1917, gav han Nobelprisen i litteratur i 1920. Allereie på Sogndal Gymnas vart eg introdusert for denne boki av norsklæraren min. Det var ikkje så lett for ei 16 års jente å forstå seg på Inger og bakgrunnen hennar, men gle meg over forteljekunsten og den fantastiske skildringi av nybrottet til Isak Sellanrå og korleis han kom seg fram i livet, det kunne eg. For alle med interesse og glede av naturen, er dette ei bok ein stendig vender attende til og les litt i. For dei som enno ikkje har lese Markens grøde, bruk jubileet til å gjera deg kjend med Hamsun sine bøker, gjerne og Pan og trilogien Landstrykere, August og Men livet lever.
Brontë, Charlotte: Villette (1853)

Charlotte Brontë (1816-1855) vart ein kjend forfattar i si levetid. Ho og systrene, Anne og Emily, voks opp på ein audsleg prestegard i Yorkshire i England. Der budde dei mesteparten av sine liv og døydde alle unge av tuberkulose. Villette er ei kjærleiksroman, men inneheld svært interessante skildringar av korleis livet kunne vera for så lenge sidan. Charlotte Brontë skriv svært godt og ein blir nysgjerrig på korleis det heile skal enda. Sidan dette er ei roman som kom ut allereie i 1853, kan ein ikkje forventa total realisme. I alle bøkene til Brontësystrene, skjer det overnaturlege ting og samantreff ein vanskeleg kan tru på. Kanskje ein likevel skal gi denne romanen ein sjanse og gle seg over forteljekunsten og det vakre språket. Serleg interessant er innslagi på fransk, for den som er glad i fransk kultur. Bak i boki er alle dei franske avsnitti omsette til norsk.
- Kari Johanna -
I februar anbefalar Signe denne boka:
Ghosh, Amitav: Tidevannslandet. Pax forlag 2006.

Boka tek lesaren med til India - til delar av landet dei fleste av oss aldri har høyrt noko om: eit øyområde innerst i Bengalbukta. Ein av hovudpersonane i boka er Piya, ei ung amerikansk kvinne med indisk opphav kjem til dette området for å forska på delfinar. Fiskaren, Fokir, kjenner området som si eiga bukselomme. Han vert etter kvart Piya sin både hjelpar og redningsmann ettersom han har båt. Til området kjem og ein overklassemann frå New Dehli for å besøke familie. Alle desse treff kvarandre i forskjellige samanhengar og vert involvert i kvarandre sine liv og skjebnar. Vi vert kjende med eit samfunn som eksisterer på naturen sine premissar - både på godt og vondt.
- Signe -
Sist endra av Eli Kjos-Wenjum,
07.06.2010
|