SommarLes for alle barn mellom 6 og 13 år
Lån og les minst 5 bøker i sommarferien (15. juni - 31. august)
Alle som deltek får diplom og er invitert på isfest med Klovnen Knut på Sogndal bibliotek fredag 7. september kl. 17.00.
Alle som les minst 5 bøker er med i trekninga av spennande premiar! Du kan vinna bøker, kinobillettar og digispelar.
Alle barn mellom 6 og 13 år kan delta.
Les bøker sjølv, eller finn nokon som kan lesa for deg. Du kan lesa bøker, teikneseriar eller høyra på lydbok.
Kom innom Sogndal bibliotek for å melda deg på. På biblioteket finn du mange fine bøker og lydbøker som du kan låna med deg heim.
Når du melder deg på, får du utdelt eit lesekort. På lesekortet skriv du opp tittelen på bøkene du les. På biblioteket stemplar me lesekortet når du leverer tilbake bøkene!
Du kan melda deg på når som helst i perioden 15. juni til 31. august.
Hugs å levera ferdig utfylt lesekort på biblioteket innan 1. september!
