På sommarles.no kan du òg få lesetips, lesa den eksklusive Sommarlesforteljinga, løysa oppgåver og sjå kva bøker venene dine les. Sommarles er for barn i 1.-7. klasse, og både dei som skal byrja i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse no i vår kan vera med. Onsdag 4. september kl. 17.30 blir det avslutningsfest på biblioteket for alle som har vore med på Sommarles.