Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem

"Vi kan ikke ta med oss alt dette hjem" er er debutboka til Frank Tønnesen, som for mange er betre kjend som musikaren Tønes. Litt overraskande at han skriv på bokmål, ettersom han syng på Sokndals-dialekt (Rogaland), men det fungerar godt. Boka er ei samling forteljingar, om menneske i ulike livssituasjonar. Vi møter mellom anna fajanse-samlaren Trond Egil, som etter kvart tek ulovlege metodar i bruk for å skaffe seg det porselenet han vil ha, og Greta som er plaga med sterk kroppslukt.

 

Ei anna vi vert kjend med er Berit, som byrjar å verte dement, og son hennar, Tormod. Historiane deira er fletta i kvarandre, og det er mykje humor, men og ein del som gjev rom for ettertanke. Boka kan gjerne lesast litt etter kvar, slik at ein får tid til å fordøye kvar enkelt av forteljingane.

 

- Mette -

Lån boka

frank
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut