English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:  
boeker.png
Søk i biblioteket sin database:

Villheks - ein ny og spennande fantasyserie

Den første boka i serien Villheks heiter Eldprøva. Clara har alltid trudd at ho er ei heilt vanleg jente. Men ein dag blir ho klort i ansiktet av ein svart, gigantisk katt. Då ho kjem heim til mora og fortel kva som har skjedd, blir mamma forskrekka og tek Clara med til legen med ein gong. Om kvelden blir Clara febersjuk, og då pakkar mamma bilen i full fart køyrer til tante Isa sitt hus langt inne i skogen. Det viser seg at tante Isa er ei villheks, og no meinar ho at Clara er det same. Det tykkjer Clara er merkeleg, for ho får ikkje til å utføra nokon tryllekunstar. Men så, ei natt då ho er åleine i huset, blir ho sett på ein hekseprøve.

Boka er kjempespennande og passar godt for barn mellom 10 og 13 år. Serien er på nynorsk og skriven av Lene Kaaberbøl, forfattaren av den populære Skammarserien som kom for nokre år sidan.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS