No kan du nytta deg av "frøbiblioteket", eit samarbeid mellom Sogndal bibliotek og Sogndal hagelag. Frå frøbiblioteket kan du ta med deg gratis frø og leggja att eigne frøpakningar som andre kan ha glede av.
Biblioteka i Sogndal har ope som vanleg. Me minner om smittevernreglane: hald avstand til andre, bruk handsprit, og kom på biblioteket når du er frisk. Skuleklassar og barnehagegrupper kan koma på korte besøk i mindre grupper utanom opningstid, ta kontakt med oss på førehand for å avtala tidspunkt.
«Mist for all del ikkje lysta til å gå», skreiv den danske filosofen Søren Kierkegaard, og på vegen vandra han seg til dei klaraste tankane.
Denne artikkelen frå Bibliotekutvikling Vestland kan inspirera til fysisk aktivitet og avspenning og visa nokre døme frå den store mengda av nettstader og bøker som finst.
Les for framtida! Bli med på å utforska FN sine bærekraftsmål gjennom litteratur. Bærekraftsbiblioteket består av boklister med aktivitetar knytt til FN sine 17 bærekraftsmål, og kan vera med å gi auka forståing for jorda sine utfordringar med fattigdom, ulikheit og klimaendringar.