Grunna smittesituasjonen i kommunen vil me i biblioteka sørge for at me kan halde god avstand til kvarandre ved arrangement. For å få til dette må me avgrense talet publikum me kan ta i mot, og me kan ikkje garantere plass dersom du ikkje har meldt deg på på førehand.

Dette gjeld tilstelninga med Halvor Folgerø laurdag 27. november og framsyninga av Elen Loftesnes sine bilete 9. desember.

For påmelding til desse arrangementa, ta kontakt på

telefon: 57 62 96 60

e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no

Skular og barnehagar kan ta kontakt med biblioteka for å avtale besøk på førehand.

 

Ellers minner me om dei generelle smittevernråda:

  • hald god handhygiene
  • kom på biblioteket når du er frisk, og ta ein test ved symptom.

Me oppmodar til å nytte munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand og å syne omsyn for kvarandre.