FN sine bærekraftsmål er ein plan for å utrydda fattigdom, bekjempa ulikheit og stoppa klimaendringane på verdensbasis innan 2030. Norge er eitt av mange land som har forplikta seg til å delta, og alle må bidra. Boklistene i bærekraftsbiblioteket har tema knytt til desse bærekraftsmåla og kan vera med på å gi auka forståing for jorda sine utfordringar.

Bærekraftsbiblioteket er eit opplegg for skular, bibliotek og andre organisasjonar til å arrangera lesesirklar for barn i alderen 6-12 år. Gjennom bærekraftsbiblioteket kan deltakarane få ei litterær og samtalebasert forståing av verdas felles arbeidsplan.