For å få til opninga er me avhengige av at lånarane vil hjelpa oss med å halda biblioteket trygt ved å overhalda smittevernreglane: 
• Kom når du er frisk.
• Vask hendene godt, bruk handsprit.
• Hald avstand til dei rundt deg.

Opningstider frå veke 22:

Sogndal bibliotek i Kulturhuset opnar tysdag 26. mai.
Måndag: stengt
Tysdag: 10-15
Onsdag: 10-15
Torsdag: 12-18
Fredag: stengt
Laurdag: stengt

Biblioteket i Balestrand opnar måndag 25. mai.
Måndag og onsdag 16 – 18
Torsdag 11 - 15

Biblioteket på Leikanger held stengt inntil vidare.

 

Takeaway-biblioteket:

Du kan gjerne halda fram med å bestilla bøker frå "hentebiblioteket". Då kan du bestilla bøker på førehand og henta utanfor biblioteket i opningstida eller etter avtale.  

Du kan bestilla bøker via Bibliofil: https://sogndal.bib.no/cgi-bin/m2, på e-post eller telefon. 

Sogndal bibliotek - kulturhuset:

Telefon: 57 62 96 60

E-post: skranke@sogndal.folkebibl.no 

 

Sogndal bibliotek, avd. Balestrand:

Telefon: 400 35 539
E-post: balestrandbib@sogndal.kommune.no

 

Avgrensingar:

På grunn av smittevern, vil det vera avgrensingar på kor mange som kan opphalda seg i biblioteklokala samtidig; i Balestrand er det max 8 personar inne, og i Sogndal er det max 12 i lokalet samtidig. 
Utlån gjerast anten i utlånsautomat eller i skranken. Bestill gjerne på nett før du kjem: https://sogndal.bib.no/cgi-bin/m2
Bøker leverast ved inngangsdøra til biblioteket
Det vil berre vera 1 PC tilgjengeleg til utskrift og scanning
All betaling gjerast gjennom Vipps.
Skular og barnehagar kan avtala besøkstid med biblioteka på førehand
 

Me oppmodar til kortare besøk på biblioteket no, og inntil vidare tilbyr me ikkje:

Søkestasjonar og mikrofilm.
Arrangement.
Spel og leiker
Leseplassar, opphaldsstader.