Appen BookBites kan du lasta ned frå Apple Store eller Google Play. Her kan du lesa e-bøker og høyra e-lydbøker gratis. For å låna e-bøker må du laga deg ein brukar og logga deg inn med lånenummeret ditt. 

Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket, også kalla "Bokhylla.no" kan du lesa digitaliserte bøker, tidsskrift og aviser fram til år 2000. Desse er gratis for alle som har ei norsk IP-adresse. Tekstane kan lesast gjennom ein vanleg nettlesar på pc, nettbrett eller mobiltelefon. Du treng ikkje å logga inn for å nytta denne tenesta. 

På Billedbokhylla.no kan du finna skjulte barnebokskattar på nett, frå før år 2000.

Bokselskap kan du lesa norske klassikarar på nett eller lasta ned til nettbrett eller mobil. Tenesta er gratis. 

Pressreader er ei teneste som gjev tilgang til over 6500 aviser og magasin i komplett digital utgåve frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende er nokre av avisene ein får tilgang til og ein finn også ulike magasin om hage, helse, foto, historie, mat, teknologi og mykje meir. Last ned appen frå Apple Store eller Google Play. Logg deg deretter på heimesida til biblioteket med lånenummer og passord og velg "Digitale tenester" og  "PressReader." Tilgangen må fornyast etter 7 dagar.

Verdensbiblioteket.no har e-bøker og e-lydbøker på språk frå heile verda. Her kan ein oppretta ein brukar og strøyma uavgrensa. 

Filmbib.no er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt der du kan låna norske kort- og dokumentarfilmar gratis. Last ned appen frå App Store eller Google Play og logg deg inn med lånenummer og passord. 

Nynorsksenteret har nynorske biletbøker på nett, i tillegg til andre digitale ressursar.

Aftenposten junior har gratis digital tilgang no, for m.a. å bidra til at barna får faktasjekka nyheiter om koronaviruset.

Litteraturhuset hjemme i stua. Litteraturhuset i Oslo tilbyr digitale lesestunder for barn, samtalar med forfattarar, diktlesingar og andre kulturopplevingar på nett. 

Gratis Brillebjørn-lydbok av forfattar Ida Jackson. Brillebjørn må vera heime frå barnehagen sjølv om han ikkje er sjuk. Ei aktuell barnebok som handlar om koronavirus og heimekontor. Få lydboka tilsendt ved å trykkja på lenkja. 

Salaby barnehage er ein digital læringsressurs frå Gyldendal. Her finn du mange fine aktivitetar og spel for leik og læring til barn i barnehagealder. No får du tilgang til alt innhald utan å logga inn. 

Salaby skule har gratis, digitale læringsressursar for barn i skulealder. 

 

Dersom du ikkje har nasjonalt lånekort frå før, kan du skaffa deg dette digitalt på nb.bib.no