Sommarles er ein populær lesekampanje for barn i heile Norge! Du går inn på Sommarles.no og lagar deg ein profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følgjer med på kva venene dine les. Her kan du òg lesa ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Dersom du ikkje har tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket!

Sommarles er for alle i 1. til 7. klasse. Både dei som byrjar i 1. klasse i august, og dei som går ut av 7. klasse kan delta. Sommarles varer til 31. august. 

For kvar bok du registrerer, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lesa vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lesa høgt for deg. Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofè til profilen din på nettsida. Når du kjem til level 10, 20 og 30 kan du henta premiar på biblioteket.

Alt om Sommarles

Informasjon om Sommarles på fleire språk