Selja Forlag vil vera til stades ved boksleppet, og det blir høve til å kjøpa boka. Forfattaren signerer. 

På grunn av smitteverntiltak treng vi påmelding i forkant av arrangementet, og per i dag er det berre busette i Sogndal kommune som kan melda seg på. Det er avgrensa tal plassar. Gratis inngang. 

Påmelding: tlf: 57 62 96 60 eller e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no

 

Om boka:

Jakta på Siskin - Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn

Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I denne boka får du heile historia om Siskin – frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.

Rune Timberlid (f. 1950) er frå Sogndal. Han har jobba som journalist, redaktør og med kommunikasjon. Timberlid har tidlegare skrive ni kriminalromanar og fleire sakprosabøker.