Gøril Grov Sørdal var på besøk i februar. Ho tok for seg alle dei løgne stadnamna i Sogndal og tok oss med på ei reise gjennom lokal geografi og historie.

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet har me (med eit korona-avbrekk) fått med oss heile verdshistoria. Førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen, professor Yngve Nilssen og førsteamanuensis Knut Øyangen gjorde ein stor jobb med å presse eit halvt års undervising inn i ein times foredrag. Frå dei tidlegaste tider, gjennom antikken, middelalder og opplysingstid, kom me til sist fram til vår eiga tid til livleg diskusjon om notid og framtid.

Sogndalsjenta Line Nagell Ylvisåker bur no på Svalbard og kom til heimlege trakter med boka si «Verda mi smeltar». Ho kom for å fortelje oss om hennar eiga frykt knytt til klimaendringane me ser kring oss, og kva klimaforskinga syner. Line var på besøk i alle tre biblioteka våre, Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Maja Lunde tok turen til Sogndal i haust, og fekk oppleve fine haustfargar i fjellsidene kring bygda vår. I samarbeid med biblioteket Sogndal ved Høgskulen på Vestlandet fekk me eit flott bokbad med Maja Lunde og Katrine Sele. Når me hadde Maja i bygda fekk me ho med oss til Kvåle skule, der 6.klasse fekk høyre ein samtale mellom Maja og Anita frå Sogndal bibliotek. Elevane var lydhøyre og hadde mange spørsmål.

I samarbeid med Folkeakademiet var Håvard Tjora i Balestrand med foredraget «Blanke ark. Korleis motivere og løfte fram skuletrøytt ungdom».

Leikanger tok i mot forfattar Emma Manin. Det var og eit godt og engasjerande foredrag om boka hennar «Barnet i veven». Emma er oppvaksen på Leikanger, og mykje av inspirasjonen til boka er henta frå oppveksten i fagre omgjevnader ved fjorden.

Sist i november kom Hedvig Ølmheim frå Fylkesarkivet i Vestland og synte fram bilete av sogndalsfotograf Elen Loftesnes. Det vart sett opp to like arrangement, begge fylde av mykje kommentarar og diskusjonar om bileta frå publikum.

Årets arrangement starta og avslutta med våre eigne, med bokkafear der bibliotektilsette presenterer bøker. Sjølv i koronatida har me hatt trivelege stunder kring litteratur og kaffikoppane.

 

Me på biblioteket vil takke for besøket i 2020, og ynskjer dykk velkommen innatt til nye og spanande arrangement i 2021!