Fylkesarkivet ønskjer igjen velkommen til ei stund med bileta til sogndalsfotograf Elen Loftesnes. Her skal me få sjå eit nytt utval frå dei mange tusen fotografia som no er digitalisert, og få høyra kva dei viser frå Elen sitt liv, og livet i Sogndal på 1940- og 50-talet. Kanskje nokon i publikum kjenner att folk og stader i Sogndal?

Meld deg på i skranken, på telefon 57 62 96 60 eller på e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no.

Gratis inngang.

 

Her kan du lesa meir om Fylkesarkivet sitt fotobevaringsprosjekt "Fotoarkivet etter fotograf Elen Loftesnes".