Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ingenstad

 

Gunnar Garfors: Ingenstad - på tur til verdas minst besøkte land.

Journalist Gunnar Garfors har besøkt alle land i verda, ikkje berre ein, men to gonger. I denne boka tek han oss med til dei 20 landa i verda som færrast menneske vel å reisa til.

Nynorskbok.no skriv dette om boka:

"Journalist Gunnar Garfors har vore to gongar i alle dei 198 landa i verda. Boka Ingenstad er reiseminne frå dei 20 minst besøkte landa. Nokre av landa har vi høyrt om fordi dei har fått oppslag i vestlege medium om «krig, terror, sjukdom og faenskap». Andre land er naturskjønne paradis med lite kriminalitet, men som er «så små og avsidesliggjande og dårlege til å marknadsføre seg sjølve at det aldri har vore nokon grunn til at du skulle høyre om dei». Gjennom samtalar og samkvem med menneske prøver han å teikne eit bilete av ulike delar av samfunnsliv og daglegliv. Målet har vore å formidle opplevingar og møte med kulturar folk veit svært lite om.

Sjølv om målet med boka er å formidle opplevingar i møte med menneske og natur i verdas 20 minst besøkte land, er det også baka inn faktakunnskap om historia til landa, styresett, infrastruktur og næringsverksemd. Vi får lese om korleis vi bør gå fram for å skaffe visum, hindringar ein kan støyte på ved innreise og utreise, korleis ein bør gå fram ved valutaveksling og pengeuttak og kva forventningar ein bør ha til prisnivå, mat og overnatting. Boka er også rikt illustrert med fotografi frå menneske han har møtt og stader han har besøkt. Slik sett er boka ei nyttig handbok om dette er land ein har planlagt å reise til."

Les heile bokmeldinga på Nynorskbok.no

Lån boka

ingenstad-omslag-9788279592907.indd
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut