Bokbåten Epos lever vidare som flytande litteraturhus. Frå Seljevågen i nord til Skudeneshavn i sør legg den legendariske båten i haust ut på endå eit tokt, etter nær seksti år i teneste som bokbåt på Vestlandet.

Heilt sidan 1963 har Epos gledd lesarar og lånarar langs kysten med bøker og besøk. Då det blei klart at også Vestland fylke ville leggja ned bokbåten i 2020, tok Alver kommune eit initiativ for eit nytt samarbeid mellom kommunane som mista det kjærkomne kulturtilbodet i grendene sine. No går 28 kommunar saman om å gi Epos ny vind mot hamner i grender og bygdelag langs vestlandskysten. Det flytande litteraturhuset kjem til lesarane der dei bur. Ikkje berre med bøker, men med eit rikhaldig litterært kulturprogram eit litteraturhus verdig.

Følg Epos si reise på Det flytande litteraturhuset si Facebook-side.

I Sogndal kommune er det Ruth Lillegraven som står for programmet om bord. 

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og debuterte som forfattar i 2005. Sidan har det blitt nærare tjue bøker totalt, både for barn og vaksne, og i ulike sjangrar: barnebøker, dikt, teater og krim. I 2018 gav ho ut den psykologiske thrilleren "Alt er mitt", som er seld for utgjeving på sju språk. I år kom bok nummer to om Clara Lofthus, "Av mitt blod". Clara er fersk justisminister og pressa frå alle hald då ho ein dag kjem heim og finn ut at dei to tvillingsønene er borte. Kven har teke dei, og rekk Clara å finna dei før tida renn ut?

Krimbøkene til Ruth blandar det urbane Oslo med det ville Vestland, og storpolitikk med gammal språkbruk.

 

I Balestrand kan de komme om bord på båten og få lånt bøker tysdag kl. 14-17.

 

Påmelding:

Tysdag 19. oktober kl. 18 i Balestrand

e-post: balestrandbib@sogndal.kommune.no

tlf.: 40 03 55 39

Onsdag 20. oktober kl. 18 i Sogndal

e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no

tlf.: 57 62 96 60

Velkomne!